Vedlikehald av tre

Vedlikehald av skjærebrett.

sjå bilder av skjærebrett som eg lagar her.

Skjærebrett som alt anna tre krev regelmessig vedlikehald med matvenleg spesialolje. Ein kan og bruka matolje - og det er viktig å understreka at ein ikkje kan gje skjærebretta olje for ofte.

Dei vert berre finare med kontinuerleg oljing, pass på at ein ikkje plasserer for varme pannar på skjærebretta, då dette i verste fall kan føra til sprekker.

Skjærebretta vaskar ein med såpe og vatn for hand etter bruk, tørkar av og setter så til sides, helst oppreist. Ikkje legg i oppvaskmaskin eller under vatn. Det vil føre til at skjærebrettet vrir seg og treet sprekk.Dette er fordi eik og anna treslag er levande materiale som endrar struktur i tråd med fuktigheit.

Eik er spesielt hygienisk, dette er fordi tresorten naturleg inneheld høg mengde av garvesyre, som er bakteriedrepande og gjer treslaget svært godt egna for skjærebrett.

I tillegg er eik ein motstandsdyktig tresort som held seg fin i mange år og endeveen kan skjærast på om og om igjen.

Kjell Hernes

www.vossing.no

Gubben
All rights reserved 2018
Powered by Webnode
Create your website for free! This website was made with Webnode. Create your own for free today! Get started